Rekordkontrakt til Harding

Omfattende kontrakt til Harding Safety AS (Foto: Harding).
Publisert 14. desember 2015

Harding er tildelt rekordkontrakt på levering av innovative livbåtar, tenderbåtar og davitar til eit stort cruisereiarlag. Det melder selskapet i dag

Etter å ha vore ute av cruisesegmentet sidan 2013, har livredningsgiganten Harding brukt timeouten til å revurdere forholdet til cruiseskipseigarar og verft. Parallelt har selskapet redesigna kjerneprodukta sine for å møte dei nyaste krava frå industrien. Dei første leveransane vil gå til eit leiande cruisereiarlag, som førebels ikkje er namngitt.

– Ei fjør i hatten

Styrk Bekkenes, CEP Harding. (Foto: Harding)
Styrk Bekkenes, CEO Harding. (Foto: Harding)

– For å bli den valde leverandøren til dette prestisjetunge prosjektet, måtte vi vise at vi kunne komme opp med noko nytt, både til skipseigar og verftet, seier Styrk Bekkenes, administrerande direktør i Harding.

– Å få kontraktar med verdsleiarar er verkeleg ei fjør i hatten, legg han til.

Bekkenes understrekar kor viktige relasjonane mellom leverandørar, verft og eigarar er:

– Å overtyde verftet om at vi hadde produkt som ville tilfredsstille dei høge standardane til cruisereiarlaget, var vår første utfordring. Ved å vinne tilliten til dette leiande verftet, stadfesta vi at vi var tilbake på rett spor i cruisesegmentet.

Tryggleik gjennom design

Med sitt nye og originale dobbeldekkar-design, som tillèt ein rekordhøg passasjerkapasitet på 440 personar, byr Hardings cruiselivbåtar på doble fordelar.

– Dei nye livbåtane kan ikkje berre evakuere fleire menneske, dei er også enklare å borde og stige av fordi kvart dekk har to inngangar, seier Hallvard E. Skaare, Harding sin salsdirektør for cruisesegmentet.

Den nye designen krympar også vasslinja, noko som sparer verdifull plass på skutesida og gjer interiøret i livbåten meir romsleg.

– Komfortnivået er langt over dagens industristandard, forsikrar Skaare.

Dei nye livbåtane ser så bra ut at somme passasjerar kanskje vil ønskje å ta seg ein liten tur i ein av dei. Det gode nyhendet er at i Harding sine like attraktive tenderbåtar kan dei nettopp det.

– Cruiseeigarar ønskjer at passasjerane skal ta del i cruiseopplevinga frå dei set foten om bord, og transport til og frå land er ein del av den totale opplevinga, seier Skaare.

Med air condition, romslege og komfortable sete, og ein ultramoderne design, vil dei nye tenderbåtane vere ein integrert del av eit nytt cruisekonsept. Og Harding tek det heile eitt steg vidare.

Les også: Statoil tildeler Harding Johan Sverdrup-kontrakt

Davitar fullfører konseptet

Til og med davitane som vert brukte til å låre og heve livbåtane og tenderbåtane har gått gjennom ei stor endring.

– Davitane Harding leverer til offshoreindustrien er heilt lukka, slik at maskineri og elektronikk blir beskytta mot vêr og vind. Løysinga aukar pålitelegheita og tryggleiken under bruk. Våre nye, lukka davitar for cruiseindustrien har dei same fordelane, men oppfyller også eit estetisk behov, påpeikar Skaare.

Dei nye cruisedavitar er nemleg slanke og elegante, og styrkjer – heller enn å skjemme – utsjånaden til skipet dei vert installerte på. Og mens det å tilfredsstille passasjerane er det ultimate målet til cruisereiarlaga, gir dei moderne davitane samstundes fordelar i form av mindre vedlikehald og enklare reinhald – fordelar eigarar og operatørar kan smile av frå land.

Utgjer så all denne samtidige innovasjonen ein risiko?

– Vi har vore i den marine tryggleiksbransjen sidan 1928. Dette er innovasjon basert på velprøvd ingeniørkunst, forsikrar Styrk Bekkenes.

 


 

Rekordkontrakten:

Både i omfang og verdi er den nye cruisekontrakten den største Harding Safety AS har inngått nokosinne.

– Me har våga å satsa, og haustar no fruktene av dette. Den nye kontrakten gjev oss nytt og viktig fotfeste cruisemarknaden, i ei tid der marknadssituasjonen i offshoresegmentet er vanskeleg som følgje av tøffe tider i oljenæringa, kommenterer Bjørn Sturle Hillestad, global sals- og marknadssjef i Harding.

Totalt skal Harding levera:

  • 12 x 440-personars livbåtar
  • 24 x 230-personars kombinerte livbåtar/tenderbåtar
  • 36 x PD55 DM davitar
  • 6 x redningsbåt-stasjonar

Kontrakten inneheld også opsjonar for ytterlegare leveransar.

OM HARDING: Harding kombinerer den opphavlege tenkinga og dei førsteklasses produkta til Davit Company, Fiskars, Noreq, Schat-Harding, Schat Watercraft, Waterman, Mills og Mulder & Rijke. Denne familien av pålitelege merkevarer gjer Harding i stand til å tilby fullt integrerte pakkar med livbåtar, davitar, krokar, vinsjar, cruisetenderar og redningsbåtar. Leveransane blir støtta av det største servicenettverket i bransjen.

Harding vart etablert i 2013, då Schat-Harding og Noreq AS vart slegne saman til verdas leiande produsent og leverandør av maritimt livreddande utstyr.

Nyhetsbrev fra Petro.no? Her kan du registrere deg.

Siste fra forsiden

DNO kjøper fem felt i Norne-området

Enighet i sokkeloppgjøret – lønnsøkning på 44.000 kroner

+

Sender Linus til Hanøytangen for klassing

Neste stopp, Barentshavet

+

Jakter 353 millioner fat i frontier-brønn: – Interessant at Equinor byttet seg ned i lisensen

+

Oppdaget lekkasje fra plugget brønn på Hod

Database

Energi24 Database gir enkelt og raskt oversikt og innsikt i kommende prosjekter på norsk sokkel.

Gå til Energi24 Database

Full oversikt over letebrønner

Full oversikt over rigger

Full oversikt over feltutbygginger