Publisert 1. oktober 2018

Tekst og foto: Thomas Førde

For første gong byggjer hotell-spesialisten Leirvik AS eit stort bustadkvarter som skal brukast i eit anna farvatn enn Nordsjøen.

– Dette er eit internasjonalt gjennombrot og blir eit viktig referanseprosjekt for vidare satsing i utlandet, seier Helge Gjøsæter, som er administrerande direktør i Leirvik As på Stord.

Verksemda som inntil årsskiftet heitte Apply Leirvik As, har bygt bustadkvarter og helidekk til plattformer i Nordsjøen sidan 1975. Nå har verksemda tatt steget ut i meir ukjent farvatn og skal seinhaustes neste år levera eit offshorehotell med 120 senger til Peregrino II prosjektet i Brasil, som blir bygd ut med Equinor som operatør.

Vann ny kontrakt med aluminium
Leirvik As har mellom anna spesialisert seg på bruk av aluminium i bustadkvarter som skal plasserast offshore.

Førespurnaden frå utbyggjarane lydde på bygging i stål, men Leirvik As fekk overtydd dei om at aluminium ville vera den beste løysinga og slik blei det.

Ifølgje Gjøsæter er det eit sterkt korroderande miljø for installasjonar i Nordsjøen kor dei heilt sidan Snorre-utbygginga i 1991 har levert bustadkvarter i aluminium.

– Utanfor kysten av Brasil er korrosjonsfaktoren om lag fem gonger høgare, seier Gjøsæter, som legg til at med aluminium som byggemateriale, sparer utbyggjar kostnader med maling og overflatebehandling i heile levetida.

– Samstundes blir vekta på heile konstruksjonen redusert med 400 tonn samanlikna med eit byggverk i stål, seier dagleg leiar i Leirvik AS.

Isolasjonsmatter og brannhemmande duk kjem på plass i det nye hotellbygget. (Foto: Thomas Førde)

170 personar i arbeid
I verkstaden er det hektisk byggearbeid. Digre bjelkar av aluminiumsprofilar får kraftige øyrer som blir feste når heile modulen skal heisast på plass i havet av tungløftskipet Thialf om vel eitt års tid.

Her ligg store aluminiumsplater som skal bli til tak, vegger og golv i bustadkvarteret. Skjelettet til bustadkvarteret er sett opp og i ein av etasjane der operatørar er i full gong med montering av isolasjonsmatter og brannhemmande folie.

Prosjektleiar Kjell Arne Halleraker opplyser at hotellet til Peregrino er nå 38 prosent ferdig. Av ingeniørarbeidet er 78 prosent unnagjort medan i fabrikasjonen er 26 prosent utført. I alt 170 personar jobbar nå med Peregrino II prosjektet hos Leirvik AS.

Eit anna regelverk
– Det er spennande å jobba mot andre krav og regelverk enn Norsok-standarden, seier Halleraker, som legg til at det mellom anna inneber at kostnadene må ned. Til godkjenning av arbeidet undervegs leiger Leirvik As inn spesialistar som kjenner Brasils regelverk og som har erfaring med å tolka dette.

Bustadkvarteret skal ha fem etasjar og plass til 120 senger. Modulen skal leverast med helikopterdekk, fleire kontor, kjøkken, kantine, trimrom, møterom og opphaldsrom, men utan kontrollrom som har vore vanleg på norsk sokkel. Tre livbåtar høyrer og med i pakken. Byggverket skal vera mekanisk ferdig 1. juli neste år.

Detter skal systema testast før levering over kai skjer i november. Frå Stord skal bustadkvarteret fraktast til Brasil om bord i eit spesialfartøy frå Bigroll Shipping.

Slik skal det ferdige hotellet sjå ut før utskiping i november neste år. (Illustrasjon: Leirvik As)

Robotisering
– Vår styrke er å tilby fastpriskontraktar (EPC, engineeering, procurement, construction). Dermed får me hand om heile leverandørkjeda, seier prosjektleiar Halleraker.

– Me er mellom dei få som gir fastpris på så store modular, seier prosjektleiaren, som også peikar på at Leirvik As har vore gjennom stor omorganisering og gjort fleire forbetringstiltak.

Selskapet arbeider med digitalisering og ein ser på løysingar med robotisering, mellom anna innan aluminiumssveising.

– Blir det færre tilsette etter robotiseringa?

– Robotisering vil gjera oss meir effektive og konkurransedyktige. Då får me betre grunnlag til å kunne auka volumet, levera fleire prosjekt, finna nye marknadsområde og dermed sikra arbeidsplassane, seier Halleraker.

Hotellet til Johan Sverdrup
Parallelt med ingeniørarbeidet til bygginga av Peregrino-hotellet har Stord-verksemda i år hatt mange operatørar engasjerte med avsluttande installasjonsarbeid i hotellet på bustadplattforma til Johan Sverdrup-feltet. Arbeidet med denne digre plattforma er nå i sluttfasen hos naboverksemda Kværner på Stord.

Leirvik As har levert bustaddelen til plattforma, eit oppdrag som er det suverent største som bedrifta nokon gong har tatt på seg. Hotellet til Brasil, som er av meir vanleg storleik, er på 2656 kvadratmeter, medan Johan Sverdrup-hotellet har eit areal på meir enn 14500 kvadratmeter.

Leirvik As på Stord med prosjektleiar Kjell Arne Halleraker i spissen, byggjer bustadkvarter mellom anna av slike plater som er sette saman av friksjonssveiste aluminiumsprofilar. (Foto: Thomas Førde)

Ser nye oppgåver i Norge
Men sjølv om det ser ut til å bli trong for færre store offshorehotell på norsk sokkel dei komande åra, ser leiinga ved Leirvik As likevel mogelegheiter som opnar seg i samband med utbygging av Alta-Gotha-feltet i Barentshavet kor Lundin er operatør og likeins på Wisting-feltet der OMV skal leia utbygginga.

– Me er dessutan spente på kva utbyggingsløysing som blir valt for Noaka-området i Nordsjøen der alternativa ser ut til å vera subsealøysingar, ubemanna plattform eller ei større botnfast plattform, seier Helge Gjøsæter.

Bustadkvarter til FPSO
Men leiaren av bedrifta som byggjer offshorehotell vil også satsa i utlandet og vil svært gjerne følgja Eguinor rundt i verda. Han ser dessutan at det blir fleire utbyggingar på djupt vatn der bruk av FPSO (Floating Production, Storage and Offloading) blir vanlege løysingar.

– Me vil tilby gode løysingar for bygging av ferdige bustadkvarter som kan monterast på FPSO, enten dei har form som tradisjonelle skipsskrog eller er forma som store sylindriske tankar, seier Gjøsæter. Han legg til at Leirvik As også må i inngrep med nye leverandørar, mellom anna med selskap som bygger og leiger ut FPSO til operatørselskapa.

Sveising av aluminium er ein viktig del av byggjearbeidet på offshorehotellet til Peregrino-feltet. (Foto: Thomas Førde)

Fakta om Leirvik As

  • Type verksemd: Spesialist på bygging av bustadkvarter i aluminium og stål til bruk i olje- og gassindustrien til havs. Bygger også andre modular til offshoreindustrien og helikopterdekk. Har stor ingeniøravdeling med 95 fast tilsette fordelt på mange fagdisiplinar.
  • Historie: Starta i 1946 i Leirvik på Stord, som mekanisk verkstad og bygging av mindre fartøy. Har bygd hotell til offshoreinstallasjonar sidan 1975. Heitte inntil siste årsskifte Apply Leirvik og tidlegare Leirvik Sveis.
  • Tilsette: 300
  • Reknskap: Driftsinntektene i 2017 var 1, 355 mrd. kroner mens resultatet før skatt blei på 90 mill.kr.
  • Største eier: Hitecvision Private Equity.

Siste fra forsiden

+

Kan bli stengt ned allerede i år

+

Equinor positive til krav om erstatningskraft – hvis staten tar stor del av regningen

Havtil gransker brann på Statfjord A

Milliardene renner inn – men svakere resultat for Equinor

+

Vår plusser på borekampanjen med enda en letebrønn i Barentshavet

+

Aker BP fremskynder oppstart på Tyrving

Database

Energi24 Database gir enkelt og raskt oversikt og innsikt i kommende prosjekter på norsk sokkel.

Gå til Energi24 Database

Full oversikt over letebrønner

Full oversikt over rigger

Full oversikt over feltutbygginger