Publisert 20. juli 2018

I løpet av august set tankskipet Hanne Knutsen kursen mot nye oppgåver i Nordsjøen. Det blir ei erfaren dame som mannskapet på Martin Linge-feltet skal samarbeida med i 12 år framover.

 Av Thomas Førde

Tankskipet har gått gjennom ei omfattande ombygging frå å vera bøyelastar/skytteltankskip sidan 2000 til å bli lagerskip i sitt neste liv. Ombygging av tankskipet er gjort ved Romontowa Shipyard i Gdansk, Polen.

I slutten av mai kom Hanne Knutsen til Aibel sitt verft i Haugesund for klargjering og testing.

Tankskipet, som blei ombygd i Gdansk i Polen, har dei siste vekene lege til kai hos Aibel i Haugesund for testing og klargjering. (Foto: Thomas Førde)

Hanne Knutsen blei bygd ved verftet Astilleros de Sestao i Bilbao i Spania i 2000 og har sidan tent som skytteltankskip mellom ymse oljeinstallasjonar i Nordsjøen og mottaksanlegg på land.

Mobilisering i Haugesund

-Hanne Knutsen er ferdigstilt, utstyret om bord er testa og nå held me på med mobilisering for oppgåvene offshore, seier Bjørn Hagland Hansen prosjektleiar i Knutsen-reiarlaget i Haugesund.

Hanne Knutsen skal ha eit mannskap på 17 personar om bord medan ho ligg som lagerskip på Martin Linge-feltet. Mannskapet skal gå i ei treskiftordning slik at over 50 arbeidsplassar blir knytt til skipet.

-Ettersom lagerskipet er registrert i norsk skipsregister blir det norske sjøfolk om bord, seier prosjektleiar Hansen, som legg til at dei fleste offiserane om bord blir rekrutterte internt i reiarlaget, men at nokre stillingar elles blir rekrutterte eksternt.

Vel framme på Martin Linge-feltet skal skipet kopla seg opp og gjera klart for mottak av olje.

– Det er opp til operatøren Equinor når oljeproduksjonen startar, seier Hansen.

Under ombygginga i Polen fekk Hanne Knutsen mellom anna nye livbåtar og nytt helikopterdekk. (Foto: Thomas Førde)

I tillegg til å vera eit reint lagerskip har Hanne Knutsen mellom anna fått installert utstyr om bord, som skal skilja vatn frå olje. Knutsen-reiarlaget i Haugesund, som eig skipet, har lang røynsle frå drift av lagerskipet Jorunn Knutsen, som er søsterskip til Hanne Knutsen og gjer teneste på Åsgard-feltet.

Stor ombygging i Polen

Meir enn 1000 verftsarbeidarar i Gdansk var på det meste opptekne med ombygginga av Hanne Knutsen. Den omfattande forvandlinga inkluderar endringar på skroget, skipsdekket og tankane, i tillegg til montasje av 30 utstyrspakkar og tryggleikssystem.

Til dette prosjektet skal norske bedrifter ha levert mykje skipsutstyr og tenester.

I følge nettsida til Eksportkreditt har kredittføretaket bidratt med lån til finansiering av ombygginga. Bakgrunnen for lånet var mellom anna ein stor del av norsk innhald i prosjektet. Låntakar er selskapet KNOT FSO 1 AS, som er heileigd av Haugesund-reiarlaget Knutsen NYK Offshore Tankers (KNOT).

Eksportkreditt bidrar med et lån på 700 millionar kroner av ein total ombyggingskostnad på 1,7 milliardar kroner. Lånet har ei løpetid på 8,5 år og er garantert av GIEK. (Garantiinstituttet for eksportkreditt)

Strengare krav

Sjøfartsdirektoratet har som myndigheitsorgan hatt hovudtilsynet under den store ombygginga i Polen. Underdirektør Åse Waage i direktoratet opplyser til Sjøfartsdirektoratet sine nettsider at regelverket for lagerskip og andre flyttbare innretningar, som ligg i ro på oljefelt, på mange område er strengare enn for seilande skip.

-Det handlar mellom anna om andre risikofaktorar. Til dømes kan ikkje skipet søkja nødhamn i ein krisesituasjon, men må klara seg sjølv, seier Waage.

Knutsen NYK Offshore Tankers (KNOT) er eit joint venture av TS Shipping Invest (TSSI) og Nippon Yusen Kabushiki Kaisha (NYK), som blei etablert i 2010 etter NYK sitt kjøp av 50 prosent av skytteltankbåtflåten til Knutsen-reiarlaget. TSSI er eigd av administrerande direktør Trygve Seglem og hans familie medan japanske NYK er eit av verdas største reiarlag med ein flåte på meir enn 800 skip.

Siste fra forsiden

+

Equinor positive til krav om erstatningskraft – hvis staten tar stor del av regningen

Havtil gransker brann på Statfjord A

Milliardene renner inn – men svakere resultat for Equinor

+

Vår plusser på borekampanjen med enda en letebrønn i Barentshavet

+

Aker BP fremskynder oppstart på Tyrving

+

Planlegger å bore inntil to Eirin-brønner i året

Database

Energi24 Database gir enkelt og raskt oversikt og innsikt i kommende prosjekter på norsk sokkel.

Gå til Energi24 Database

Full oversikt over letebrønner

Full oversikt over rigger

Full oversikt over feltutbygginger