Island Dragon og Island Duchess i opplag

Island Dragon blir erstattet av Island Commander for Lundin jobb.
Publisert 9. mars 2016

Island Offshore har beslutta å legge plattformforsyningsfartøya Island Dragon og Island Duchess i opplag med umiddelbar virkning. Dette melder selskapet i dag.
Island Dragon har vore på kontrakt med Lundin Norway sidan den vart levert sommaren 2014, og vert no erstatta av Island Commander. Grunnen for byte er eit ynskje frå oljeselskapet om ein båt med mellom anna større dekksareal, og Island Commander har i løpet av siste vekene blitt klargjort med standbyutstyr.
– Marknadssituasjonen i spoten er framleis særs svak, og vi kan difor ikkje forsvare å ha Island Dragon i dette markedet framover. Dette betyr at vi må leggje fartyet i opplag på ubestemt tid. Då Lundin er ein viktig kunde for oss, ynskjer vi å vise fleksibilitet i forhold til å tilpasse oss endra behov. Det er ei ubetinga styrke at vi kan imøtekome dette, seier administrerande direktør Håvard Ulstein.

Artikkelen fortsetter under bildet

Island Commander
Island Commander går inn i jobb for Lundin (Foto: Island Offshore)

Island Duchess har i ei tid vore i Las Palmas, tilgjengeleg for oppdrag utanfor Afrika. Mangelen på oppdrag også her har gjort at Island Offshore har bestemt å ta Island Duchess av marknaden, og legge båten i opplag. Båten er no komen til Ulsteinvik.
Vi har starta prosessen med dei tillitsvalde for å bli samde om gjennomføring av bemanningsreduksjonar.
Med dette har Island Offshore fire PSV’ar i opplag, samt tre LWI- fartøy og eit ROV/konstruksjonsfartøy i vinteropplag. To av LWI-fartøya har starta mobiliseringa for årets kampanje for Statoil som startar 1. april.

Nyhetsbrev frra Petro.no

Siste fra forsiden

+

Bruker tre rigger til å bore 59 brønner på Yggdrasil

OneSubsea og Subsea 7 skal utvikle Wisting sammen med Equinor

+

Inngår ny avtale for Transocean Spitsbergen 

+

Enabler har spuddet Venus i Barentshavet

Forlenger kontrakten til Valaris Stavanger

+

Pressemeldingen fra departementet: – Et politisk veiskille for elektrifisering

Database

Energi24 Database gir enkelt og raskt oversikt og innsikt i kommende prosjekter på norsk sokkel.

Gå til Energi24 Database

Full oversikt over letebrønner

Full oversikt over rigger

Full oversikt over feltutbygginger