Island Offshore med vellykket pilothol boring for Centrica

Island Constructor. (Foto: Island Offshore).
Publisert 21. oktober 2015

Island Offshore skapte nyleg historie då dei bora eit pilothol for Centrica Energy ved hjelp av kveilerørsteknologi. Denne metoden har ikkje blitt brukt i offshore industrien før, og viser seg å vere eit sikrare og billegare alternativ til tradisjonell boring med rigg. Dette melder Island Offshore i dag

Årsaka til at ein borar pilothol er å avdekkje om det er grunn gass i formasjonane før ein startar boring av sjølve produksjonsbrønnane; denne gongen på BUTCH PL 405-feltet, nord for Ekofisk. Grunn gass er skjulte gasslommer som i verste fall kan føre til utblåsing i ei tidleg borefase. Oppdraget til det dynamisk posisjonerte fartøyet Island Constructor gjekk dermed ut på å bore eit pilothol ned til 360 meter under havbotnsnivå, sjekke for gass, for så å plugge holet med sement.

– Å nytte ein rigg til pilotholsboring ville vere mykje meir kostbart enn å nytte ei flytande innretning som Island Constructor. Skulle ein treffe på gass, og holet må pluggast ville det innebere store kostnadar å flytte riggen til ny lokasjon for eventuelt nytt pilothol. Samtidig inneber det også ein viss risiko då ein rigg brukar lengre tid på å kome seg vekk enn eit fartøy, skulle ei grunn gass- utblåsing skje, forklarar prosjektleiar i Island Offshore, Anders Olsen.

Artikkelen fortsetter under bildet

frå kontrollrommet om bord under operasjon på Butchfeltet. (Foto: Island Offshore)
frå kontrollrommet om bord under operasjon på Butchfeltet. (Foto: Island Offshore)

– Fleksibiliteten til kveilerøret gjer i tillegg at Island Constructor kan halde fram med å pumpe mud ned i brønnen for å stoppe ei eventuell grunn gass- utblåsing, samstundes som fartøyet flyttar seg til eit sikkert område, seier Olsen.

Ved ‘open sjø’-kveilerørsboring nyttar ein ikkje stigerør (riser), men kveilerøret vert heldt i spenn mellom fartøy og subsea injektor ved hjelp av ein eigen injektor installert om bord. Sjølve røret roterar ikkje, men ein nyttar væske under trykk i kveilerøret for å aktivere en hydraulisk motor som gjer slik at borekrona roterar.

Artikkelen fortsetter under bildet

Subsea Guide. Kveilerøret mates gjennom denne. Foto: Island Offshore.
Subsea Guide. Kveilerøret mates gjennom denne. Foto: Island Offshore.

Pioneerprosjekt på fleire område

Fyrste gong Island Offshore nytta kveilerørsteknologien var til boring av kjerneprøver for Statens Vegvesen i samband med utbygginga av fastlandsambandet Rogfast i Rogaland i fjor haust. No er neste steg tatt, og teknologien er for første gang teken i bruk på eit oljefelt på norsk sokkel.

– At denne teknologien no vart nytta til å bore eit pilothol på Butchfeltet er grensesprengande. Dette er eit krevjande og spanande prosjekt som har høg fokus både hjå kunden vår og i bransjen generelt. I tillegg til at det er vesentleg sikrare og billegare enn alternativet, så vert også utsleppa til miljøet redusert med 50% prosent samanlikna med konvensjonell boring, seier prosjektleiar Olsen.

Les også: Dette brønnintervensjonsskipet skal bore pilothull for Centrica

Island Offshore utviklar og eigar

Island Offshore er utviklar og eigar av teknologien, som er integrert med Baker Hughes sitt overflate-utstyr. Målsettinga er at prinsippet også skal kunne nyttast innan lett brønnintervensjon, for plugging av brønnar samt andre typer brønnintervensjonar. I august i år mottok Island Offshore ein teknologipris for nettopp denne typen kveilerørsteknologi under Deepwater Intervention Forum i Galveston, Texas.

– Å motta ein slik pris er ei bekrefting på at industrien har trua på teknologien vår. Pilothol-prosjektet på Butchfeltet gir Island Offshore moglegheita til vidareutvikling av kveilerørsteknologien, og dermed å utvide tenestespekteret innan ein spanande marknad der nytenking, lavkost og operasjonell fleksibilitet er avgjerande, seier prosjektleiar Olsen.

Siste fra forsiden

+

Pressemeldingen fra departementet: – Et politisk veiskille for elektrifisering

Bygger ut Bestla for 6,3 milliarder

+

Terminerer kontrakten for Blackford Dolphin – sender riggen til India

Åtte selskaper har søkt om areal for CO2-lagring

Aker Solutions sikrer milliardkontrakt på Mongstad

+

Kan bli stengt ned allerede i år

Database

Energi24 Database gir enkelt og raskt oversikt og innsikt i kommende prosjekter på norsk sokkel.

Gå til Energi24 Database

Full oversikt over letebrønner

Full oversikt over rigger

Full oversikt over feltutbygginger