Tekst og foto: Thomas Førde
Aldri før har Kværner si verksemd for opphogging og gjenvinning av utrangerte olje- og gassinstallasjonar hatt ei så velfylt ordrebok.
Det er fullt på kaia med 40.000 tonn meir eller mindre rusta og tilårskomne prosessmodular, monumentale og begrodde stålunderstell og gulmalte høge tårn og søyler.
Alt skal skjærast eller klippast sundt til høvelege småbitar. Det meste blir deretter selt til kjøparar av skrapjern som syter for omsmelting til nye stålprodukt som armeringsjern og spiker. Over heile rivingsområdet rular verksemdas største og viktigaste arbeidsreiskap, ei tårnkran med namnet Ivan, som kan løfta inntil 240 tonn. Ivan kom på plass så tidleg som i 1995 då installasjonen frå Odin-feltet skulle rivast og skjerast sund.
Dei fleste og største modulane på kaien i dag er henta frå det britiske Miller-feltet. Frå det
nedstengde Varg-feltet på norsk sokkel, kjem eit 103 høgt tårn og ein mindre topside som har stått på toppen av tårnet. I april neste år kjem 3500 tonn med oljeskrap frå Valhall-feltet. Dette har vore eit gamalt bustadkvarter. I tillegg kjem ei 80 meter lang gangbru.
Fleire skal få jobb
– I løpet av hausten og vinteren skal me demontera eit par modular slik at det kan ryddast
plass til nykommarane, seier Eirill Hatlevik, som er leiar for denne verksemda i Kværner som selskapet vel å kalla for demolering.
Nå har Kværner 90 personar i arbeid ved anlegget. 60 arbeider ute som operatørar og arbeidsleiarar medan 30 høyrer til staben av ingeniørar og administratorar.
– Arbeidstokken vil nok auka med cirka 10 utover hausten, seier Hatlevik, som legg til at mellom 70 og 100 personar vil ha fast arbeid med oppdeling og attvinning heilt fram til våren 2020.
Lys framtid
– Me har aldri hatt så langsiktige og gode utsikter til jamn sysselsetjing som nett nå, seier
Hatlevik, som legg til at utsiktene vidare framover er også gode:
– Installasjonar i Nordsjøen blir eldre samtidig som fleire felt produserar mindre slik at drifta blir ulønnsam. Dermed skal nedstengde installasjonar takast i land. Då skal me vera med å konkurrera om jobben, seier Hatlevik.
Demoleringsanlegget ligg berre nokre hundre meter frå Kværner sitt stolte nybyggingsverft
på Stord kor bustadplattforma til Johan Sverdrup nå nærmar seg ferdigstilling og kor Njord
plattforma er under «total make over».
Mellom nybyggingsverftet og opphoggingsverftet er ei ny kai til 370 millionar kroner under
bygging.
– Kaia vil opna mogeleheiter for både nybygging og for opphogging/gjenvinning, seier
prosjektleiar Atle Sætrevik, ved demoleringsverksemda. Han peikar på at for Kværner er det viktig å vera aktiv i begge endar av livssyklusen til olje- og gassinstallasjonar. Eirill Hatlevik legg til at når Kværner har stått for bygging av så mange installasjonar til norsk sokkel har selskapet også eit visst moralsk ansvar for å ta på seg oppgåver med forsvarleg oppdeling og attvinning.
Djupt vatn ved kai
Men tevlinga om nye opphoggings- og gjenvinningsoppdrag er i ferd med å hardna til. Fleire nye aktørar er komne på bana, ikkje minst gjeld det på britisk side av Nordsjøen.
– Sjølv om me opplever tøff konkurranse og prispress har me gode konkurransefortrinn, seier Hatlevik, som peikar på at ved anlegget på Stord tok dei nyleg imot eit av verdas største tungløftfartøy, Saipem 7000. Løftefartøyet sette modular frå Miller-feltet på land der kaien er bygt på fjell og kor djupna utan for kaien er 32 meter.
Til våren kjem verdas aller største løftefartøy, Pioneering Spirit, til Stord med modular frå Valhall.
– Djupt farvatn like ved land er eit stort fortrinn for norske opphoggingsanlegg, seier Eirill
Hatlevik.
Tryggleik som fortrinn
– Prosjektleiar Sætrevik peikar dessutan på at stor og tydeleg merksemd på tryggleik og
praktisk HMS-arbeid er eit anna og særs viktige fortrinn i konkurransen om framtidige
oppdrag.
Fallande gjenstader er ei stor og farleg utfordring som olje- og gassindustrien prøver å hindra skal kunne skje ukontrollert.
– Hos oss er dette ein viktig del av kvardagen, seier prosjektleiar Sætrevik.
Han viser til at store stag og røyr må ofte kuttast ved hjelp av manuell skjerebrenning av
spesialtrente folk i ei korg som heng i ei kran, gjerne 50 over bakken.
– Slike operasjonar krev at alle involverte tar HMS på høgste alvor og at alt er nøye planlagt og risikovurdert frå ingeniørar til arbeidsleiarar, til kranførarar, dei som driv skjerebrenning og dei som er flaggfolk og vakter på kaiplanet, seier Sætrevik.
Elektrisk kjempesaks
Som døme på HMS-tiltak peikar Sætrevik også på at i løpet av hausten skal Kværner installera ei ny stasjonær saks som kan klyppa sundt inntil 17 centimeter massivt stål. Saksa skal vera elektrisk driven og ha elektrisk driven innmating.
– Operatørane må haldast lengst mogeleg unna risikofylt arbeid, seier prosjektleiaren.
To mobile sakser er monterte på digre gravemaskinar som kan klippa over inntil tre centimeter tjukt stål. Men større dimensjonar må framleis kuttast manuelt med skjerebrenning.
Utan miljøstrid
– Konkurrenten til Kværner, AF Decom i Vats, har fleire gonger kome i strid med naboar og
miljøorganisasjonar om utslepp og utsleppsgrenser rundt anlegget. Har det aldri kome til
liknande konfliktar på Stord?
– Me prøver å informera naboane regelmessig gjennom møte fire gonger i året. Dessutan føl me sjølvsagt dei same krava som styresmaktene har sett til alle slike anlegg. Kaiplata har til dømes fall innover mot oppsamlarar som fører vaskevatn og regnvatn inn i eit lukka system med reinseanlegg, seier Eirill Hatlevik.
– Kva med skjerebrenning i malte overflatar som gir støv og avgassar?
– Det er har ikkje blitt vurdert som eit stort problem her. Men vår verksemd ligg heller ikkje i eit trongt fjordsystem. Skjerebrenning vil me likevel redusera meir og meir, seier Hatlevik.
Vil gjenvinna nær 100 prosent
Ambisjonane for gjenvinning av oljeskarp er høge.
– Over 99 prosent gjenvinning er Kværner sitt mål, seier Atle Sætrevik, som legg til at for
stålunderstell kan nærmast 100 prosent gjenvinnast. Det gjeld å sortera ulike stålkvalitetar
best mogeleg for å oppnå best mogleg pris i andrehandsmarknaden.
Litt lågare er gjenvinningsgrada for bustadkvarter. Noko utstyr, som til dømes kompressorar, pumper, møblar innreiing og elektriske tavler går til gjenbruk slik dei er.
Farleg avfall som tungmetall og lågradioaktivt avfall skal kartleggjast og registrerast før
installasjonen blir fjerna frå feltet.
Drøymer om Statfjord A
– Farleg avfall blir samla opp i godkjent emballasje på kai og sendt til godkjent deponi. For
plastavfall har det også kome betre system for resirkulering, seier leiaren av Kværner si
demoleringsverksemd, Eirill Hatlevik, som drøymer om den ultimate rivings- og
gjenvinningsjobben:
– Når tida er mogen ønskjer me å ta hand om dekket frå Statfjord A, som veg over 50 000 tonn. Dekket blei bygd på Stord for meir enn 40 år sidan. Ringen er slutta når Statfjord A kjem tilbake hit, seier Hatlevik.