Publisert 5. oktober 2018

Tekst og foto: Thomas Førde

 Den nye kaia til 370 millionar kroner hos Kværner på Stord skal stå klar før produksjonsskipet (FPSO) til Johan Castberg-feltet legg til for å bli utrusta hausten 2020.

Byggearbeidet som skal gi Kværner ny djupvasskai med 266 meter ny kailinje, starta i mars i år. Boring og sprenging på sjøbotn skal gå føre seg i haust og i vinter. Arbeidet skjer mellom anna frå «Mjø II», som er ein lekter med kran, borerigg og dykkarstasjon og tilhøyrer firmaet Sjøentreprenøren.

Utanfor kaia skal det bli 16 meters vassdjup, noko som opnar for å kunne ta imot og skipa ut dei fleste typar fartøy og framtidige flytande olje- og gassinstallasjonar. Byggearbeidet skal vera ferdig i god tid før Johan Castberg-skroget kjem til Stord hausten 2020 frå verftet Sembcorp Marine Rigs & Floaters i Singapore.

– Steinmassar som blir sprengde laus på sjøbotn skal nyttast som fyllmasse bak det nye kaiplanet slik at produksjonsområdet blir utvida med 17 000 kvadratmeter, seier Odd Naustdal, som er kommunikasjonssjef hos Kværner på Stord. Naustdal seier vidare at seinhaustes og til vinteren skal stål til bygging av kaia koma på plass med etterfølgjande prefabrikkering av betongelement.

Investerer 370 millionar
Det første prosjektet som kan nyta godt av den nye kaia blir Johan Castberg. Skroget inkludert bustadkvarteret om bord skal byggjast i Singapore, medan prosessmodular og anna utstyr skal intsallerast på Johan Castberg-skipet medan det ligg ved den nye utrustingskaia hos Kværner på Stord. Her skal skip og utstyr også testast og ferdigstillast før slepet av skipet til Barentshavet tar til i første kvartal 2022.

Det nye kaianlegget på Stord, som er kostnadsrekna til 370 millionar kroner, blir bygt slik at den store moderne krana, som har fått namnet «Storen» og som kan løfta 1050 tonn, skal kunne flyttast på ny skinnegang utover den nye kaia. Medan skrog ligg til utrusting ved kaia, kan krana nyttast som eit særs viktig verktøy.

– Den store krana, som blei tatt i bruk i 2012, har vist seg som ei særs vellukka investering og har nærast revolusjonert arbeidet med bygging av modular og plattformer ved verftet. Med utviding av kai og skinnegang vil krana få ei enda betre utnytting, seier kommunikasjonssjefen.

Grunnarbeidet er godt i gang med utvidinga av kai og anleggsområdet og forlenging av skinnegangen til den store krana hos Kværner på Stord. (Foto: Thomas Førde)

Skal gi nye oppdrag
Naustdal legg til at målet med oppgraderinga er å gjera anlegget meir fleksibelt.

– Nyanlegget vil kunne nyttast til utrusting og ombygging av alle typar flytarar til olje- og gassindustrien. Kaia kan også nyttast til inn- og utlasting av store modular, seier Naustdal.

Atle Sætrevik, som er prosjektleiar ved Kværner si opphoggings- og gjenvinningsverksemd like ved, seier at den nye djupvasskaia også opnar nye mogelegheiter for denne delen av Kværner sin aktivitet.

– Med ny romsleg djupvasskai vil me kunne ta imot fleire større dekkskonstruksjonar og modular til oppdeling, vidare partering og gjenvinning, seier Sætrevik.

Gir arbeid til 2000
Men nybygget til Johan Castberg blir første prosjekt ut: På Stord skal Kværner fabrikkera modulane for gassinjeksjon, re-kompressoren og separasjon, medan Kværner sitt verft i Verdal skal fabrikkera modulen for handtering av sjøvatn og hovudpakka med røyr.

Som underleverandør til Kværner, vil Aker Solutions sitt verft i Egersund levera modular for injeksjon av vatn og kjemikaliar, medan selskapet sitt anlegg i Sandnessjøen vil levera nokre mindre moduler og fakkelbommen.

På det meste vil 2000 personar arbeida med kontrakten, både i Kværner og hos underleverandørar. 

Kværner reknar med at kontrakten vil skapa arbeid for om lag 4800 personar om ein inkluderer ringverknader for underleverandørar, tenesteleverandørar og liknande.

Verdien av kontrakten som Kværner er tildelt med utbygginga av Johan Castberg-feltet er på 3,8 milliardar kroner.

Den nye djupvasskaia blir bygd slik at den store krana hos Kværner på Stord kan nyttast under montering og installasjon av utstyr på flytande produksjonsinnretningar. (Illustrasjon: Kværner)

Johan Castberg for 49 mrd
Sjølv om ein stor Johan Castberg-kontrakt gjekk til Singapore har norske verksemder blitt tildelt fleire stor bitar av prosjektet. Aker Solutions har vunne kontraktar for til saman fire milliardar kroner.

Kontrakten omfattar levering av produksjonssystem på havbotn. I tillegg skal Aker Solutions designa dekket på produksjonsskipet.

Det er funna Skrugard og Havis som til saman utgjer Johan Castberg under ein samla utbyggingsplan. Heile prosjektet som er kostnadsrekna til 49 milliardar kroner, ligg 240 kilometer nordvest for Hammerfest og inneheld mellom 450 og 650 millionar fat oljeekvivalentar. Equinor er operatør og eig 50 prosent, Eni eig 30 prosent medan statlege Petoro eig 20 prosent.

Siste fra forsiden

+

Vår plusser på borekampanjen med enda en letebrønn i Barentshavet

+

Aker BP fremskynder oppstart på Tyrving

+

Planlegger å bore inntil to Eirin-brønner i året

+

Ferdig med første del av borejobben på Maria Fase 2

+

Fant opptil 90 millioner fat i fjor – skal bore pilotbrønn for mulig utbygging

+

Har spuddet Brokk

Database

Energi24 Database gir enkelt og raskt oversikt og innsikt i kommende prosjekter på norsk sokkel.

Gå til Energi24 Database

Full oversikt over letebrønner

Full oversikt over rigger

Full oversikt over feltutbygginger