Publisert 16. juli 2018

Av Thomas Førde

Arbeid er sett i gong med å førebu superskipet Akofs Seafarer til ein fem år lang kontrakt med Equinor verdt nær tre milliardar kroner.

Sidan 2015 har det 157 meter lange spesialskipet Akofs Seafarer lege i opplag, ved kai i Vikebygd ved Ålfjorden i Vindafjord kommune. Skipet har knapt hatt oppgåver og inntekter dei siste fire åra. Skipet som  er konstruert for vedlikehald av undervassbrønnar, er eigd av Akofs Offshore som igjen er eigd av selskapet Akastor. Detter eit Aker-selskap kor Kjell Inge Røkke er dominerande eigar. Skip og innmontert utstyr skal då det var nytt i 2010, ha kosta 4,3 milliardar kroner.

Akofs Seafarer er blant verdas mest avanserte og kostbare servicefartøy i olje- og gassindustrien.

Arbeidet har starta

– Me er alt komne i gong med ingeniørarbeidet som skal førebu skipet til oppdrag på norsk sokkel, seier administrerande direktør i Akofs Offshore, Geir Sjøberg. Den langsiktige kontrakten som selskapet har inngått med Equinor, inneheld arbeid med brønnintervensjon på dei fleste undervassfelt på norsk sokkel kor Equinor er operatør.

– Hovudsakleg skal me utføra wireline-tenester og ulike brønnoppdrag, men og oppgåver som survey og inspeksjon med bruk av to fjernstyrte undervassfarkostar ROV, (Remote operated vehicles). Me har og ein opsjon i kontrakten for coiled tubing, seier Sjøberg.

Første jobb på norsk sokkel

Han legg til at skipet som ikkje har vore nytta til oppgåver på norsk sokkel tidlegare og som har lege i opplag i fleire år, treng sjekk og gjennomgang ved eit verft. Skipet skal gjennomgå klassifisering i høve til flaggstat og klasseselskap sine krav. Dessutan treng skipet samsvarsuttale (Sut) frå Petroleumstilsynet (Ptil) før det kan takast i bruk på norsk sokkel.

– Me har god tid til alt dette ettersom kontrakten med Equinor startar i første halvdel av 2020, seier Sjøberg, som legg til at Akfos Seafarer truleg blir liggjande ved kai i Vikebygd til tidleg neste år. Kaiplass leiger Akfos Offshore av Westcon som igjen leiger kaiane av Vindafjord kommune.

Under opplag ved kai i Vikebygd har skipet fått straum fra land. (Foto: Thomas Førde)

Sjøberg seier vidare at skipet skal gjennom ei mindre ombygging og tilpassing. Ein del nytt utstyr skal dessutan installerast om bord.

200 jobbar om bord

Under den lange perioden ved kai i Vikebygd har skipet hatt ei minimumsbemanning om bord som har hatt tilsyn og enklare vedlikehaldsoppgåver.

– Akofs Seafarer har halde systema om bord i gang ved hjelp av straum frå land slik at skipet er blitt tatt godt vare på, seier Geir Sjøberg.

Før skipet igjen skal setjast i arbeid må mannskap rekrutterast.

– Ved normal drift treng skipet mannskap på mellom 180 og 200 personar for å dekka full rotasjon. Det blir til ei kvar tid blir mellom 60 og 70 på jobb om bord. I tillegg kjem nokre personar frå oppdragsgivar Equinor, opplyser Sjøberg. Han legg og til at selskapet og skal skipa eit driftskontor i Stavanger.

Sjøberg opplyser elles at rekruttering vil skje til dels internt ved at nøkkelpersonar blir flytta frå to liknande skip, Aker Wayfarer og Skandi Santos, som Akofs Offshore har i teneste i Brasil.

– Men det blir høve for mange til å søkja jobb om bord, seier Sjøberg som legg til at det blir norsk tariff og norske arbeidsvilkår om bord i Akofs Seafarer.

Underleverandørar

Til verksemda på norsk sokkel har Akofs Offshore inngått samarbeidsavtale med selskapet Deepwell som skal utføra wireline-tenester og med Welltec som mellom anna skal styra den vesle brønntraktoren som trekkjer wireline ut gjennom horisontale brønnar.

Ei stor kran med løftekapasitet på 400 tonn er montert akter på skipet. (Foto: Thomas Førde)

Kontrakt med ein underleverandør som skal styra ROV-ar under operasjonane om bord, er ennå ikkje inngått.

– Me tar sikte på å danna fullt integrert team om bord som skal gjennomføra oppgåvene i fellesskap, seier Sjøberg, som legg til at i den fem år lange kontrakten med Equinor er det og ein opsjon om forlenging av kontrakten med tre år.

Fakta om Akofs Seafarer:

Type skip: Spesialskip for brønnintervensjon

Lengde: 156,9 m

Breidde: 27 m

Dødvekt: 8500 tonn

Lugarar: 140 (doble og enkle)

Kranar: Hovudkrana har 400 tonn løftekapasitet

Modulhandteringssystem: 450 tonn

ROV: To store arbeids-ROV-ar

Moonpool: (Opning i dekk og skrog): 7,2 x 7,2 meter

Akofs Seafarer har gjennom fleire år ved kai blitt eit kjent landemerke ved Ålfjorden i Vindafjord kommune. (Foto: Thomas Førde)

Siste fra forsiden

+

Equinor positive til krav om erstatningskraft – hvis staten tar stor del av regningen

Havtil gransker brann på Statfjord A

Milliardene renner inn – men svakere resultat for Equinor

+

Vår plusser på borekampanjen med enda en letebrønn i Barentshavet

+

Aker BP fremskynder oppstart på Tyrving

+

Planlegger å bore inntil to Eirin-brønner i året

Database

Energi24 Database gir enkelt og raskt oversikt og innsikt i kommende prosjekter på norsk sokkel.

Gå til Energi24 Database

Full oversikt over letebrønner

Full oversikt over rigger

Full oversikt over feltutbygginger