Norske oljeserviceselskaper omsatte for 190 milliarder internasjonalt i 2015

- Den internasjonale omsetnaden til norske oljeserviceselskap var på 190 milliardar kroner i 2015. Dette er eit lyspunkt i ei vanskeleg tid for næringa. Kilde: OED. Rapporten er utarbeidet av Rystad Energy
Publisert 25. oktober 2016

Leverandørindustrien gjer det framleis svært godt internasjonalt. Trass i tøffe tider i bransjen, hevder dei norske selskapa seg framleis godt i den internasjonale konkurransen, viser rapporten «Internasjonal omsetning fra norske oljeserviceselskaper». Kilde: OED

Olje- og energiminister Tord Lien la fram hovudfunna i rapporten for toppleiarforumet til næringsklynga Subsea Valley på Fornebu tysdag.

– Den internasjonale omsetnaden til norske oljeserviceselskap var på 190 milliardar kroner i 2015. Dette er eit lyspunkt i ei vanskeleg tid for næringa. I ein global marknad som har opplevd nedgang, er det imponerande at dei norske selskapa sin internasjonale omsetnad berre fall med tre prosent frå 2014 til 2015, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

Kilde: Rystad Energy
Kilde: Rystad Energy

Om rapporten
Rystad Energy har sidan 2011 levert rapporten «Internasjonal omsetning fra norske oljeserviceselskaper» til Olje- og energidepartementet. Årets rapport handlar om 2015. Statistikken er basert på Rystad sin database med over 1100 oljeserviceselskap der 335 har internasjonal omsetnad som definert i denne rapporten. Årsakene til at omsetnaden ikkje gjekk meir tilbake i ein marknad med reduserte globale innkjøp er mellom anna rekordhøge ordrebøker ved inngangen til året, svak kronekurs og innelåste høge dagratar for riggeigarar.
Med ein vekst på 32 prosent har Storbritannia gått forbi Sør-Korea som den største marknaden for norsk leverandørindustri. Borepakkar var det viktigaste produktsegmentet i 2015, trass i ein nedgang frå året før. Subsea utstyr og installasjon opplevde vekst i 2015.

Rapporten finner du her: OED

Siste fra forsiden

Aker Solutions sikrer milliardkontrakt på Mongstad

+

Kan bli stengt ned allerede i år

Swarfix skal samle opp swarf for Equinor

+

Equinor positive til krav om erstatningskraft – hvis staten tar stor del av regningen

Havtil gransker brann på Statfjord A

Milliardene renner inn – men svakere resultat for Equinor

Database

Energi24 Database gir enkelt og raskt oversikt og innsikt i kommende prosjekter på norsk sokkel.

Gå til Energi24 Database

Full oversikt over letebrønner

Full oversikt over rigger

Full oversikt over feltutbygginger