Publisert 23. juli 2018

Aldri før har konsulent- og it-selskapet Omega hatt så mange tilsette. Men dei mange nye utbyggingsoppgåvene i olje- og gassindustrien gjer at selskapet vil tilsetja enda fleire.

Av Thomas Førde

Nybygget ved Omega sitt hovudkontor i den vesle, men særs aktive og næringsrike bygda Ølensvåg i Vindafjord kommune, blir teken i bruk i desse dagar. Fasaden i det nye kontorbygget vender ut mot Omega sin eigen idylliske badeplass med tilhøyrande bryggjer og småbåthamn. Lunsjhalvtimen blir dei nær 110 tilsette ved hovudkontoret freista til å nyta ute på bryggekanten i desse varme sommardagane.

-Mot slutten av 2013 merka me nedgang i etterspørsel etter konsulent- og systemtenester knytt til norsk sokkel, fortel Anders Lunde, som er Omega sin leiar for konsulenttenester retta mot olje- og gassindustrien. Han viser til at i 2016 vart botn nådd. Då hadde Omega 850 tilsette.

-I dag er talet auka til 1152, som er «all time high». Slik me har organisert verksemda med prosjekttilsette konsulentar, er talet på tilsette ein god indikator på både aktivitet og lønsemd, seier Lunde.

Han viser i 2016 hadde at Omega 280 konsulentar i oppdrag som var styrt frå dette internasjonale selskapet sin administrasjon i Norge. I dag har det tilsvarande talet stige til 478 tilsette. Omega sine konsulentar er sterkt involverte i dei fleste store byggjeprosjekta på norsk sokkel.

Suksess med hook up

I det siste har Omega mellom anna hatt stor suksess med å tilby eigne styrings- og oppfølgingssystem som gjer ferdigstilling, uttesting og samankopling av nye olje- og gassinstallasjonar meir effektiv. Omega sine system på dette området skal til dømes nyttast på alle dei fem nye installasjonane på Johan Sverdrup-feltet.

Thomas Sundsøy ved Omega sitt avdelingskontor Stavanger, som leier denne delen av Omega si verksemd, fortel at det same systemet er nå i bruk på gassfeltet Culzean i britisk del av Nordsjøen. Der blir installert tre nye plattformer og eit produksjonsskip (FPSO).

21 dotterselskap

I dei to åra med sviktande etterspurnad, nytta Omega mellom anna tida til omorganisering og effektivisering i eige hus. Konsernet blei delt inn i dagens 21 dotterselskap som er spesialiserte etter ulike oppgåver og etter kundar sine behov.

Men to hovudeiningar er framleis størst i konsernet: Den eine yter konsulenttenester til større prosjekt i olje- og gassindustrien, medan den andre utviklar prosjektstyringssystem (PIMS) og hjelper kundane med drift av desse.

Sterk vekst under vatn

Eit av selskapa som er retta inn mot særskilte behov på sokkelen er Omega Subsea, som har kontor i Bergen, Stavanger og Aberdeen.

– Me har hatt ei fantastisk utvikling sidan 2016, seier dagleg leiar av Omega Subsea, Trond Berge. (Foto: Omega AS)

-Sidan 2016 har me hatt ei fantastisk utvikling, seier dagleg leiar av Omega Subsea, Trond Berge til nettavisa Medvind24. Berge legg til at i mai i år hadde dei 116 medarbeidarar i jobb styrt frå sine kontor i Norge. Berge reknar med at om lag 120 vil vera i jobb kvar månad gjennom sommaren og hausten.

-Når me ser på kva utbyggingsprosjekt som kjem dei neste åra, vil aktiviteten hos oss mest sannsynleg auka enda meir, seier Berge.

-Nå er utfordringa å få tak i gode medarbeidarar, seier Øyvind Lunde, som er nestkommanderande i Omega Subsea. Han legg til at dei rekrutterer stort sett gjennom eigne nettverk og at Omega har ord på seg for å vera ein god arbeidsgivar med prinsipp om eit ope tilhøve til både kundar og tilsette.

– Me har hatt grei tilgang på kvalifisert personell hittil i 2018, seier Lunde.

ROV-operatørar

Mellom 75 og 80 prosent av aktiviteten til Omega Subsea skjer via utleige av ROV-operatørar. Resten er utleige av leiande personell både på land og offshore innan ymse prosjekt som marine operasjonar, konstruksjon, inspeksjon, survey og vedlikehald. Omega Subsea har kundar som Ocean Installer, Deep Ocean, DOF Subsea, Technip, Subsea 7, Oceaneering, IKM Subsea, Swire Subsea, Nexans og Bourbon Offshore.

-Våre folk er på skip, rigg og plattform, seier Øyvind Lunde, som legg til at Omega Subsea nå er størst i Norge innan utleige av personell i sitt segment.

Starta på Kårstø

Eventyret Omega skaut fart etter utbygginga på Kårstø i 1991, då anlegget blei utvida for å kunne ta imot gass og kondensat frå Sleipner-feltet. Dei to brørne Sigmund og Tor Erling Lunde frå Ølensvåg dreiv då eit lite konsulentfirma som vart engasjert i prosjektet på Kårstø. Der oppstod ideen om å utvikla eit dataverktøy for meir effektiv prosjektoppfølging og rapportering. Det nye produktet fekk namnet PIMS (Project Information Mangement System) Systemet er i alle år etterpå blitt vidareutvikla og bygd ut med nye modular og er tatt i bruk under dei fleste utbyggingsprosjekt, ikkje berre i norsk olje- og gassindustri, men også i mange andre land.

Tenkjer langsiktig

Dei to gründerane og eigarane, Sigmund og Tor Erling Lunde, er framleis sterkt involverte og engasjerte, både i den daglege drifta og i den langsiktige vidareutviklinga av verksemda.

-Me er heldige som har dei største eigarane så tett på, samtidig som dei er lokale og patriotiske, seier avdelingsleiar Anders Lunde. Han peikar på at i perioden med laber aktivitet og svakare inntening, fekk administrasjonen høve til å bruka ledig kapasitet til å tenkja langsiktig. – Mellom anna nytta me tida til å intervjua svært mange potensielle konsulentar, som me registrerte og som me kunne kontakta når oppgåvene melde seg.

Frir til bygg og anlegg

-Olje- og gassindustrien har hittil vore den viktigaste marknaden for Omega sine tenester. I det siste har selskapet også utvikla verktøy og konsulenttenester retta mot bygg- og anleggsindustrien på land.

Karina Hovden Stava er testansvarleg for nye styringssystem til bygg og anlegg på land. Ho seier at systematikken som er nytta i olje og gassindustrien kan ha mykje å tilføra bygg og anlegg. – Samtidig har olje- og gassnæringa litt å læra frå bygg- og anlegg, seier Hovden Stava. Men ho legg til at dei må nytta eit litt anna språk, ny terminologi og omsetja mykje av fagspråket frå engelsk til norsk for å lukkast innan bygg og anlegg.

  • Fakta om konsernet Omega AS:
  • Type verksemd: Hovudsakleg konsulent- og it-systemtenester til olje- og gassindustrien og til bygg og anlegg.
  • Kvar: Hovudkontor i Ølensvåg i Vindafjord kommune. Har elles kontor i Bergen, Oslo, Stavanger, Kristiansund, Trondheim, Danmark, Sverige, Storbritannia, USA, Canada, Singapore, Australia og Latvia.
  • Tilsette: 1152
  • Eigarar: Gründerane Sigmund og Tor Erling Lunde er største eigarar. Mange av dei tilsette er medeigarar.
  • Driftsinntekter 2017: 1 212 006 mill. kr.
  • Resultat før skatt 2017: 51 310 mill. kr.

Siste fra forsiden

+

Equinor positive til krav om erstatningskraft – hvis staten tar stor del av regningen

Havtil gransker brann på Statfjord A

Milliardene renner inn – men svakere resultat for Equinor

+

Vår plusser på borekampanjen med enda en letebrønn i Barentshavet

+

Aker BP fremskynder oppstart på Tyrving

+

Planlegger å bore inntil to Eirin-brønner i året

Database

Energi24 Database gir enkelt og raskt oversikt og innsikt i kommende prosjekter på norsk sokkel.

Gå til Energi24 Database

Full oversikt over letebrønner

Full oversikt over rigger

Full oversikt over feltutbygginger