Forlenger livet til Marulk med ni år
Pressemelding
16. mars 2021
Foto: Kenneth Engelsvold, Equinor
Forlenger livet til Marulk med ni år
Pressemelding
16. mars 2021

Petroleumstilsynet har gitt Vår Energi samtykke til bruk av undervassanlegget på Marulkfeltet utover opprinneleg levetid.

Samtykke for drift av Marulkfeltet går ut 31. desember 2021. For å kunne utvinna dei resterande reservane i feltet, har operatøren Vår Energi, søkt om samtykke til forlenga levetid for undervassanlegget på feltet.

Ptil har no gitt samtykke til bruk av undervassinnretninga på Marulk fram til 31. desember 2030.

Marulk ligg i Norskehavet, 25 kilometer sørvest for Norne. Havdjupna i området er 370 meter. Marulk blei påvist i 1992, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2010. Feltet er bygt ut med ei botnramme kopla til produksjons- og lagerskipet (FPSO) på Nornefeltet. Produksjonen starta i 2012.