Publisert 16. mars 2021
Oljedirektoratet har gitt Wintershall Dea boreløyve for brønn 6406/3-10 A, Bergknapp appraisal.
Brønnen skal borast frå Deepsea Aberdeen etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6507/4-2 S, Dvalin Nord, for Wintershall Dea i utvinningsløyve 211.
Boreprogrammet gjeld boring av avgrensningsbrønn i utvinningsløyve 836 S. Wintershall Dea er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er DNO Norge AS (30 prosent) og Spirit Energy Norway AS (30 prosent).
Brønnen blir bora om lag 8 kilometer vest for Mariafeltet i Norskehavet og 200 kilometer nord for Kristiansund.