Her byggjer dei Nordsjøen sitt grøne hjarta
Thomas Førde
20. februar 2020
Her byggjer dei Nordsjøen sitt grøne hjarta
Thomas Førde
20. februar 2020

På den tidlegare gasskraft-tomta på Haugsneset ved Kårstø, byggjer Equinor nå andre del av omformaranlegget som skal gi rein straum frå vasskraftsystemet til drift av ti felt i Nordsjøen.

I det småkuperte og steinete landskapet som skrånar sørover mot Boknafjorden, er bygginga av det andre av i alt to elektriske landanlegg bokstaveleg tala i vinden. Lite ly er å finna når regn og kuling tar skikkeleg tak. Men anleggsarbeidet går sin gang og bygget som skal husa den nye omformarstasjonen tar form. Store delar av bygget blir reist i betong. Testinga av det nye omformaranlegget skal etter planen starta i august neste år.

Frå mai månad vil talet på personar som arbeider med nybygget, auka til om lag 150. I tida framover skal fleire betongelement på plass. Såkalla sandwich-element med isolasjon lagt inn mellom aluminiumsplater, skal monterast kring rom som skal gi plass for ventilasjonsutstyr og kjøling.

Elkraft gjennom sjøkablar frå Haugsneset skal overta drifta av alle desse felta og installasjonane i Nordsjøen. (Illustrasjon: Equinor)

Stor kapasitet

På Haugsneset, som ligg om lag tre kilometer aust for gassprosessanlegget på Kårstø, planla Statkraft for 33 år sidan bygging av eit stort gasskraftverk med installert effekt på 700 MW. Men gasskraftverket blei aldri bygd på Haugsneset.

Mange år seinare, i 2007, bygde Statkraft og Statoil eit noko mindre gasskraftverk inne på industriområdet på Kårstø. Dette fekk installert effekt på 440 Megawatt. Kraftverket skapte politisk storm og regjeringskrise og blei heller aldri nokon økonomisk suksess. Kraftverket er nå rive.

Omformaranlegget som nå er under bygging og søsteranlegget, som ligg like ved og blei tatt i bruk i fjor til forsyning av Johan Sverdrup fase 1, kan til saman yta ein effekt på 300 Megawatt.

Ifølge prosjektleiar Ole Kristian Halvorsen hos Aibel, hovudentreprenøren for begge byggetrinna på Haugsneset, er det gravd grøft og trekt kablar langs fire kilometer frå brytarstasjonen inne på Gasscos industriområde på Kårstø. Den delen av prosjektet blei gjennomført seinhaustes 2016. I grøfta ligg i alt seks parallelle høgspentkablar, tre kablar til kvar fase i elektrifiseringsprosjektet. I tillegg er det trekt to kabler i grøfta for fiberoptisk styring og samband.

Inne bak betongveggene skal omformarutstyret og transformatorar frå Siemens i Tyskland
installerast. (Foto: Thomas Førde)

Kuttar 1,2 millionar tonn CO2

Kabelselskapet NKT med fabrikk i Sverige, (Nordiske Kabel og Traadfabriker), har produsert og lagt på havbotn to parallelle likestrømkablar frå Haugsneset og ut til dei fire installasjonane frå første fase av Johan Sverdrup-utbygginga. I løpet av 2021 skal NKT leggja dei neste sjøkablane.

I byggetomta ligg inntrekkingsrøyret klart for nye sjøkablar. Ein inntrekkingsvinsj på solid betongfundament skal ettermonterast i bakkant av byggjetomta.

Det nye anlegget på land skal forsyna prosessplattforma frå andre fase av Johan Sverdrup-utbygginga. Den skal installerast på feltet i 2022. Dessutan skal installasjonane på felta Ivar Aasen, Gina Krogh og Edvard Grieg, som har vore i drift ei stund, gå over til elektrisk drift med straum frå Haugsneset. I fjor haust blei det dessutan vedteke at dei eldre produksjonsanlegga på høvesvis Sleipner og Gudrun også skal forsynast med straum frå det same landanlegget.

Områdeløysinga for Utsira-høgda, som opphaveleg vart planlagt for dei fire felta Johan Sverdrup, Edvard Grieg, Ivar Aasen og Gina Krog, vil dermed i tillegg gi straum til drift av ytterlegare seks felt. Dei seks felta er: Sleipner, Gudrun, Utgard, Gungne, Sigyn og Solveig.

Når heile denne elektrifiseringa står ferdig, kan olje- og gassindustrien kutta ei utsleppsmengd av CO2 på 1,2 millionar tonn, noko som tilsvarar utsleppa frå om lag 600 000 personbilar.

Nettbrett med oppdaterte teikningar av armering og jernbinding er tatt i bruk på byggeplassen. Her er Aibel sin prosjektleiar Ole Kristian Halvorsen til venstre i samtale med Bjørn Arild Varne, arbeidsformann hos underleverandør Malvin Varne AS. (Foto: Thomas Førde)

 

Populært besøksanlegg

–Me opplever større merksemd og meir fokus rundt dette byggeprosjektet enn me gjorde berre for eit år og to sidan, då me hadde ansvar for bygginga av første del av landstraumanlegget til Johan Sverdrup.

Det er hovudentreprenør Aibel sin prosjektleiar, Ole Kristian Halvorsen, som seier dette. Han seier vidare at interessa for elektrifisering av norsk sokkel og bygging av landanlegg for omforming av el-kraft er større enn nokon gong tidlegare.

–Me merkar aukande interesse frå ulike avdelingar i eige konsern og frå mange andre aktørar, seier Halvorsen.

–Me opplever langt større merksemd og meir fokus rundt dette byggeprosjektet enn me gjorde berre
for eit år og to sidan. Då hadde me ansvar for bygging av første del av landstraumanlegget til Johan
Sverdrup, seier Aibel sin prosjektleiar, Ole Kristian Halvorsen. (Foto: Thomas Førde)

Siemens leverer utstyr

Inne bak betongveggene skal omformarutstyret og transformatorar frå Siemens i Tyskland installerast. Utstyret skal ta imot høgspent straum frå ein 300 kilovolts kabel, som er lagt i grøft frå gassprosessanlegget på Kårstø og fram til nyanlegget på Haugsneset.

I september blir to store trafoar leverte frå Siemens i Tyskland. Desse skal Aibel sine eigne fagfolk installera. Frå mars neste år skal omformarutstyret installerast. Dette blir også levert av Siemens.

–Då skal alt det bygningsmessige vera ferdig. Det same gjeld for klimakontrollanlegget, seier Aibel sin prosjektleiar Halvorsen, som legg til at testinga av omformaranlegget etter skal planen starta i august neste år.

–I dette prosjektet har me lagt vinn på engasjera lokale underleverandørar med lokal arbeidskraft. Det gjer mange ting enklare. Dessutan er det viktig å støtta mindre entreprenørbedrifter som kan læra ved å ta på seg større oppgåver. Dermed kjem dei styrka ut og det kan bli fleire aktørar som kan delta i konkurransen om store oppgåver i framtida, seier Aibel sin prosjektleiar.

Entreprenørfirmaet Malvin Varne AS, som har base på Karmøy, har ansvaret for alt betongarbeidet. (Foto: Thomas Førde)

Høg pris

Men utsleppskutta har sin pris. Equinor lanserte nyleg at selskapet og deira partnarar skulle investera 50 milliardar kroner i utsleppskutt på norsk sokkel. For å kunne fjerne utslepp av meir enn 700 000 tonn C02 frå Utsira-høgda årleg, må det investerast mellom 12 og 14 milliardar kroner. Dette gjekk fram av Statoil si konsekvensutgreiing, som blei laga før elektrifiseringa av Johan Sverdrup-feltet og Utsira-høgda tok til. Ettersom heile områdeløysinga for elektrifisering seinare er blitt endra og utvida, har truleg investeringane også blitt høgare.

I den nemnde konsekvensutgreiinga blei dei årlege driftskostnadane ved el-anlegget sett til ca. 85 millionar kroner. Utgifter til kjøp av straum blei derimot ikkje rekna med.

På den andre sida i reknestykket blei det gjort fråtrekk for at ein ikkje byggjer og driv gassturbinar offshore. Dessutan kan nye innretningar i havet designast noko enklare. I tillegg rekna dåverande Statoil med å spara på vedlikehald og utgifter til kjøp av gass. Det blei i utgreiinga også peika på at arbeidsmiljøet offshore blir betre utan drift av gassturbinar om bord, samtidig som det blir mindre vibrasjonar og mindre støy.

Den nøyaktige tiltakskostnaden per tonn med reduserte CO2-utslipp gjennom elektrifisering av sokkelen, blir det likevel vanskeleg å rekna ut nøyaktig. Men det kan nemnast at kvoteprisen i EU-markanden har i det siste lege opp mot 250 kroner per tonn CO2.