Borgland Dolphin skal bore Vikafjell North for Wintershall
Oljedirektoratet har gitt Wintershall Norge AS boreløyve for brønn 35/8-6 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 35/8-6 S skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 61°19’41,65’’ nord 3°20’17,11’’ aust i utvinningsløyve 248. Dette melder OD i dag
Boreprogrammet for brønnen 35/8-6 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn. Wintershall er operatør med ein del på 60 prosent. Petoro AS er rettshavar med 40 prosent.
Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 35/8. Utvinningsløyve 035 blei tildelt i 4. juni 1999 (Nordsjøtildelingene 1999). Dette er den fjerde leitebrønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som blir kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Nyhetsbrev fra Petro.no