Nyhamna må vente på havvind
Thomas Førde
27. januar 2020
Foto: Shell
Nyhamna må vente på havvind
Thomas Førde
27. januar 2020

Dersom straumforsyninga til gassprosessanlegget i Nyhamna skal sikrast med kraft frå havvindparken Havsul 1, kan det skje i 2025.

Kraftleidningsnettet i området kring Nyhamna i Aure kommune i Møre og Romsdal har lenge hatt for liten kapasitet og for svak forsyningstryggleik. Eit mykje omstridt mobilt gasskraftverk måtte difor byggjast for ha ei stor nok straumkjelde i nærleiken i reserve. Gasskraftverket vart likevel aldri fyrt opp.

Om lag like lenge som kapasiteten i el-nettet har vore for knapp, har det vore planar om bygging av ein stor vindpark på grunt vatn i havet i kommunane Ålesund og Aukra. Demed kunne store kortreiste og nye kraftmengder skaffast. Men det har vore lite framdrift og utvikling i retning av realisering av Havsul 1. Utbyggar Enbrigde søkte til Norges vassdrag og energiverk (NVE) i sommar om utsett frist for ferdigstilling til 1. januar 2025. Den gjeldande fristen som NVE gav i 2012 var ferdigstilling av Havsul 1. januar 2020.

Innsikt i elektrifiseringsprosjektene på norsk sokkel – prøv Petro Database gratis i 30 dager!

Enbrigde overtok leiinga av havvindprosjektet tidleg i 2018 frå samarbeidsselskapet Vestavind Offshore. Vestavind Offshore, blei skipa av sju offentleg eigde energiselskap langs kysten av Sør-Norge og skulle byggja ut havvindparken for sju milliardar kroner. Men selskapet som fekk konsesjon i 2008, realiserte aldri planane.

Større utfordringar

Utfordringane har nok blitt større enn Enbrigde hadde sett føre seg. Under eit havvindseminar i Stavanger i august 2018 i samband med oljemessa (ONS), sa divisjonsdirektør Martin Langham i Enbridge Energy Renewables at anlegget i havet skulle starta kraftproduksjonen i 2021 eller i 2022.

Vedtak om investering skulle Enbridge gjera i slutten av 2018. Det har ikkje lukkast Petro.no å få kommentar frå Enbrigde-leiinga i Canada til den aktuelle stoda i prosjektet. Men i søknaden til NVE om utsett frist for ferdigstilling av Havsul 1, skriv Enbrigde at dei jobbar med vidareutvikling av prosjektet og har som målsetjing å ta endeleg avgjerd om investering i løpet av 2022. NVE har framleis søknaden til handsaming.

Teknisk mogeleg

I mellomtida har det likevel skjedd viktig avklaringar som kan bidra til at havvindparken Havsul kan bli realisert. I konsesjonsvilkåra heiter det at prosjektet pliktar seg til å finna ei løysing for nettilknyting i transformatorstasjonen ved gassprosessanlegget i Nyhamna. Enbrigde gjorde difor ein avtale med Gassco, som er operatør for anlegget i Nyhamna om å gjera ein teknisk studie rundt løysingar for tilknyting til nettet.

I oktober leverte Gassco ein teknisk mogelegheitstudie til Enbridge.

–Konklusjonen var positiv og at dette er teknisk gjennomførbart, seier Lisbet Kallevik, kommunikasjonsleiar i Gassco. Ho legg til at videre framdrift i prosjektet er nå opp til Enbrigde.

–For oss er Havsul positivt som nett-tiltak, men me jobbar også parallelt saman med nettselskapa med å finna løysingar for å styrka overføringsnettet til Molde-regionen. Som stor straumforbrukar i regionen er me positive til at det blir etablert ny kraftforsyning i området, seier kommunikasjonssjef Kallevik.

Gunstige skattevilkår

Eit anna viktig steg på vegen mot realisering av Havsul 1 er at Oljeskattekontoret skal ha gitt grønt lys til at prosjektet kjem inn under det gunstige petroleumskatteregimet. Dette kan gjerast ettersom krafta frå havvindparken skal nyttast av eit petroleumsanlegg på land.

Gassprosessanlegget i Nyhamna som Gassco er operatør for og kor Shell er teknisk tenesteytar, tar i mot gass frå Ormen Lange-feltet og frå Åsta Hansteen. Etter handsaming av gassen på land blir den transportert vidare i røyrleidninga Langeled til Easington i England. Den fråseparerte lettolja blir eksportert med tankskip.

Gassprosessanlegget er eigd av Nyhamna joint venture, kor Equinor, Petoro, Shell, Ineo, Wintershall, OMV, North Sea Infrastructure, Total, ConocoPhillips og CapeOmega, alle er medeigarar.

Nok kraft til 50 000 hushald

Under vindkraftkonferansen som Norwegian Energy Partners (Norwep) arrangerte i samband med ONS i Stavanger i 2018, presenterte divisjonsdirektør Martin Langham i Enbridge Energy Renewables deira planar for Havsul:

Vindparken vil strekkja seg over 60 kvadratkilometer og ligg berre mellom 8 og 5 kilometer frå land, utanfor tidlegare Sandøy kommune (nå Ålesund). Parken skal byggjast ut med meir enn 40 store vindturbinar som til saman skal kunne produsera ein effekt på 350 Megawatt. I løpet av eit år blir det rekna med at Havsul skal kunne produsera 1 TWh, som er straum nok til å forsyna om lag 50 000 hushald.

På grunt vatn

Havdjupna i det aktuelle området varierer frå ni til 30 meter. Planen er å byggja ut med botnfaste vindmøller. I følge Langham er bruk av betongfundament det mest aktuelle og betongfundamenta skal byggjast på land i nærleiken av der dei skal monterast i havet.

Undersjøiske kablar mellom vindturbinane vil til saman utgjera ei lengde på 93 kilometer medan to undersjøiske eksportkablar, som blir 19 kilometer lange, skal føra straumen frå vindparken og inn til land. På land skal leggjast kabel i åtte kilometers lengde.

Nye arbeidsplassar lokalt

–Langham peika i sin presentasjon i august 2018 også på at i regionen finst eit maritimt cluster med bedrifter og fagfolk som kan bidra i utbyggingstida.

Ifølgje Enbridge sin divisjonssjef Langham skulle det også byggjast ein understasjon på land på Harøya i Sandøy kommune, kor sjøkablane kjem i land. Vidare skulle det leggjast kabel i sjø mellom Harøya og Gossen og landkabel vidare til transformatorstasjonen ved Nyhamna i Aukra kommune.

–Enbrigde er oppteken av at det skal kunne bli stort lokalt innhald i byggetida og at selskapet kjem til å lysa ut på anbod fire EPCI-kontraktar, sa Enbrigde-direktør Langham.