Borgland Dolphin skal bore for Suncor
Brønn 25/10-14 S skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 59°10’01,22” nord og 02°14’43,44”aust i den midtre delen av Nordsjøen. Dette melder Oljedirektoratet
Boreprogrammet for brønn 25/10-14 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 571. Suncor Energy Norge AS er operatør med 60 prosent del. Den andre rettshavaren er Statoil Petroleum AS med 40 prosent.
Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 25/7 og 25/10. Utvinningsløyve 571 vart delt ut 4. februar 2011 (TFO 2010). Dette er den andre leitebrønnen som vert bora i løyvet, men det er bora leitebrønnar tidlegare innanfor det arealet dette løyvet dekker.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.